Fugløya ligg rett utanfor Bodø og tilbyr nydeleg rissklatring med god friksjon. Her er det ingen boltar, så du må stola på eigne sikringsferdigheiter.
Fredagen drog me ut i nydeleg vêr. På kvelden hadde me ei gjennomgang av innkobling i standplass og rappellering.
Lørdagen skulle teorien testast i praksis. Det blei leding på eiga sikring, bygging av standplass og rappellering. Ungdommane fekk testa seg i ganske tøffe forhold. På eit tidspunkt måtte me tilbake til campen for å redda to telt som var på veg ut på havet på grunn av sterk vind.
I løpet av natta til søndag løya vinden, og søndagen bestod av klatring i både strålande sol og litt regn. Me hadde ein kjempefin tur på tre taulengder, der alle fekk setja eigne sikringar, sikra opp andre- og tredjemann, samt omrigging av tau på til dels små standplassar – med det taukaoset som fort oppstår når ein ikkje er superrutta. Det er sånn ein lære.
På Storhylla blei det servert lunsj … eller var det middag? Tidspunktet tilsa kanskje heller middagstider enn lunsjtider. Då energinivået var tilbake til normalen, var det berre å koma seg ned på rappell og hoppa i havet for ein frisk duppert.
På båten heim duppa både deltakarar og instruktørar litt av. Men alle var einige om at det hadde vore ei superfin helg! Instruktørane var svært imponerte over læreviljen og giraheita til dei ungelovande. Fjellklatretradisjonane og -framtida står støtt i Bodø.
Prosjektet støttes av Miljødirektoratet.