I tillegg deltok like mange vaksne og 20 ungdomar som instruktørar, som sørgde for tryggleik, motivasjon og god stemning heile dagen. Og ja – Turbo kom på besøk!
Foto: Kjersti Gausvik
Arrangementet var eit samarbeid mellom Bodø Klatreklubb, Bodø Røde Kors og Barnasturlag i Bodø – og saman laga dei ein inkluderande og inspirerande dag på Mjelle.
Med sol frå blå himmel, barføtte barn i fjæra og latter mellom steinane, vart Mjelle forvandla til eit lite eventyrland. Buldresteinane i området bydde på spanande utfordringar i alle vanskegrader – perfekt for både nybyrjarar og dei litt meir vågale.
Buldrefelta rundt Bodø er perfekte for barn. Med trygge landingar og buldreproblem i mange ulike vanskegrader, fekk alle utfordre seg på sitt eige nivå. Det var mykje høg puls, store smil og små jubelrop når nye høgder blei nådd – bokstaveleg talt.
Foto: Kjersti Gausvik
Kva er Buldresprell?
Buldresprell er eit lågterskeltilbod for barn frå ca. 6 til 13 år. Gjennom leik, fysisk aktivitet og friluftsliv får barna utfalde seg ute, lære grunnleggande buldreteknikk og kjenne på meistring og samhald.
Vi legg vekt på aktivitetar som er tilpassa alle, uansett funksjonsevne. Arrangementet er ope for alle, og vi oppmodar familiar til å ta kontakt med arrangørane dersom dei har behov for tilrettelegging.
Målet vårt er klart:
-
Alle barn som er nysgjerrige på buldring skal få prøve!
-
Dei skal kjenne på meistring, glede og fellesskap ute ved buldresteinane.
-
Vi vil inkludere barn som ikkje alt kjenner til klatring frå før.
-
Buldresprell skal bli eit tilbod i alle klatreklubbar med aktivitet for barn og tilgang til buldreområde.
Ein stor takk
Takk til alle dei frivillige, instruktørane og foreldra som bidrog – og ikkje minst til dei 150 barna som gjorde dagen heilt spesiell. Dette hadde ikkje lat seg gjennomføra utan Barnasturlag i Bodø og Bodø Røde Kors. Også ein stor takk til Miljødirektoratet som støttar Buldresprell, slik at fleire barn over heile landet kan få oppleve gleda ved å klatre ute.