Klatring / Nyheter / 2025 / Buldresprell – leik, meistring og klatreglede for dei yngste
Buldresprell SAVE
Buldresprell SAVE

Buldresprell – leik, meistring og klatreglede for dei yngste

Laurdag 13. september tok SaVe-Klatring, klatregruppa i Vear IF, med seg ein ivrig gjeng barn til buldresteinar på Råelåsen – eit vakkert område rett utanfor Tønsberg i Vestfold. I buldregrad 3 og 4 fekk barna utfordra seg sjølve, kjenne på meistring og leike seg oppover steinane. Dagen etter, søndag 14. september, gjekk turen vidare til Ula ved Larvik – denne gongen med klatreglede i havgapet.

Med seg på begge dagane hadde gruppa ein erfaren klatreinstruktør, Vilde Anine Berg, som rettleia dei rundt 20 barna trygt gjennom teknikk, balanse, fottak, fallteknikk – og ikkje minst korleis ein les fjellet. Det vart eit eventyr for både barn og foreldre, der sprekker, tak og riss i fjellet plutseleg vart klatreruter skapt av naturen sjølv.

– Det var ekstra stas å forklare barn og foreldre kor mange moglegheiter som finst rett utanfor døra. Ei heilt ny verd opna seg for mange.

545412744_3259980374149402_6528397808503542173_n.jpg

Arrangementet var ein del av Friluftslivets år 2025, og vi håper mange vil låne klubbens crashpads og utforske meir etter dette. Dette var ei oppleving vi gjerne gjentar – og i 2026 lovar vi at sola skal skinne!

549298520_3259980577482715_2032698220549566939_n.jpg

Kva er Buldresprell?

Buldresprell er eit lågterskeltilbod for barn frå ca. 6 til 13 år. Gjennom leik, fysisk aktivitet og friluftsliv får barna utfalde seg ute, lære grunnleggande buldreteknikk og kjenne på meistring og samhald.

Vi legg stor vekt på aktivitetar som er tilpassa alle, uansett funksjonsevne. Arrangementet er ope for alle, og vi oppmodar familiar til å ta kontakt med arrangørane dersom dei har behov for tilrettelegging.

Målet vårt er klart:

🔹 Alle barn som er nysgjerrige på buldring skal få prøve!
🔹 Dei skal kjenne på meistring, glede og fellesskap ute ved buldresteinane.
🔹 Vi vil inkludere barn som ikkje alt kjenner til klatring frå før.
🔹 Buldresprell skal bli eit tilbod i alle klatreklubbar med barneaktivitet og tilgang til buldreområde.

 

Logo: Bridgedale Logo: La Sportiva