Terminlisten for 2024 er klar
Nå er det mulig å planlegge konkurranseåret 2024, for terminlisten er klar med både datoer og arrangører.
27. Mar 2023
I helga var Nordisk og Norgescup i buldring i Oslo. Med 352 påmeldte gira ungdommar og vaksne var konkurranse så stor at fleire klatresenter i Oslo var forvandla til konkurransearena. Noreg stilte sterkt med 211 norske, mens resten av Norden stilte med om lag 150 deltakarar.
Det var ein heltemessing innsats av frivillige som gjorde at det lòt seg gjennomføra og at arrangementet gjekk heilt smurt frå eit deltakar- og publikumsperspektiv, fortel konkurranseansvarleg i NKF Jørn Andor Øwre Smørbøl. Han gir ekstra heder og ære til Oslo og Kolsås klatreklubb med sine superfrivillige Jørn Reidel og Guri Skuggen Landmark. Utan dei frivillige hadde det ikkje vore noko konkurranse, seier han.
Rutesetting er avgjerande for at det skal bli ei bra konkurranse for både deltakarar og publikum. Denne gang også, trefte rutesettaren i all hovudsak bra og ein fekk skilt utøvarane godt inn mot finalen.
I følgje rutesetter Oskar Paulen var det nok ekstra kjekt for dei yngste at dei fekk sine eige kvalik bulder. Vanlegvis får dei modifiserte bulder, mens denne gangen var dei heilt tilpassa dei yngre utøvarane. Dette gav ekstra utfordring og meistring for dei yngste.
I finalen vart det nok litt lett for U16 jenter, då dei i tre beste alle toppa dei fire finalebuldra.
For senior herrane var det nok litt hardt i finalen, der vant Thilo Jeldrik Schröter med ein topp og tre soner. Senior dame klassen var det Sunniva Eik Haave som vant med tre topp og fire soner. Både dame og herre finalen var veldig spennande og det blei ikkje avgjort før heilt til slutt kven som stakk av med det gjevaste troféet.
Det var ekstra kjekt med stort oppmøte og at det var så mange sterkingar med, fortel rutesetter Oskar Paulen. Dette blei ein konkurranse der dei beste i Norden fekk vist seg fram.
Det var veldig god stemning i finalen, med mykje publikum og gode prestasjonar!
Jørn Reidel sier dei frivillige gjorde ein fantastisk innsats i gjennomføringa, og deiras innsats gjorde dette til eit vellyka arrangement.
"Me i arrangementskomiteen frå Kolsås- og Oslo Klatreklubb er veldig fornøgde! Me tok med alle læringspunkta frå Norgescupen me arrangerte i 2022, og håper alle utøvarane er fornøgd etter helga. Neste gong hadde det vore kjekt å ha arrangementet i eit nasjonalanlegg" seier ein sliten og blid Reidel.
Tusen takk til alle frivillige, Vulkan klatresenter, Klatreverket Bryn, Oslo klatresenter, deltakarar og publikum!
Me ynskjer også å gratulera utøvara som, basert på sin prestasjon i Nordisk mesterskap, er tatt ut til å representera Noreg i EYC buldring i Graz, Austerrike, 5.-7.05.23!!
Følgjande utøvara er tatt ut:
Elunn Lova Grammeltvedt (2009) (U16 F)
Ola Vekve (2008) (utviklingsgruppe) (U16 M)
Sverre Stensland Blixt (2006) (jr.landslag) (U18 M)
Julie Jøsok Holstad (2004) (U20 F)
Nora Staurset Hovde (2004) (U20 F)
Per Ravlo-Caspersen (2005)(jr.landslag) (U20M)
Teodor Kirkebø (2004)(jr.landslag) (U20M)
Foto: Vilde Abrahamsen
Nå er det mulig å planlegge konkurranseåret 2024, for terminlisten er klar med både datoer og arrangører.
Landslagsutøver Isak Ripman fekk tildelt talentstipend på 150 000 kr frå Sparebanken Nord-Norge.
Ønsker din klubb å arrangere en nasjonal eller nordisk konkurranse i 2023? NKF inviterer klatreklubber fra hele Norge til oppgaven som arrangørklubb. Søknadsberettigede er klatreklubber tilknyttet Norges klatreforbund.
Har du rutesetter- og konkurranseerfaring fra nasjonale eller internasjonale konkurranser og god kjennskap til konkurransenivået i Norge? Norges klatreforbund søker rutesettere til nasjonale konkurranser for 2022.
Bergen klatreklubb leverte, sammen med forbundet, et bunnsolid NM-arrangement i splitter nye Vestveggen/Åsane Arena helgen 21-22 november.
Nå er den endelig her: utviklingstrappen for klatring er lansert!