Digitalt kompetansekurs i paraklatring

23. Jan 2021

På laurdag arrangerte NKF digitalt paraklatrekurs for første gong. Det var i haust planlagt kompetansekurs i paraklatring i Bodø klatreklubb. På grunn av auka smitte og innstrammingar lét det ikkje seg gjennomføre som planlagt. Me tok tak, å tenkte me skulle prøva oss i den digitale verden.

Kurset blei gjennomført som ein kombinasjon av digitalt og praktisk. Sidan det er opne klatrehallar i store delar av landet lét det seg gjennomføra på denne måte. Den praktiske delen av kurset er veldig relevant, så den er naudsynt for å trygga kvaliteten på kurset. Ein av dei positive tinga med digitale møter er at fleire klubbar kan bli med. No blei det eit kurs for Bodø, Andøya, Trondheim og Sogndal klatreklubb. Dette førte til mykje erfaringsdeling på tvers av klubbar, noko som er veldig positivt!

Går din klubb med eit behov for auka kompetanse i paraklatring eller er nysgjerrige på å starte på eit paraklatretilbod, ta gjerna kontakt!

  • Samarbeidspartnere:
  • La Sportiva
  • Bridgedale
  • Thon Hotels
  • Stiftelsen Vi
  • Rent særforbund