11 ting du kan gjera med klatregruppa di innanfor Koronaregelverket!

06. Jan 2021

Korona har igjen gjort det vanskeleg å væra klatrar i Noreg. Og ja, eg er fullstendig klar over at i det stor bilete er klatring totalt irrelevant. Men å oppretthalde aktivitet, sjølv om det ikkje er klatring og sjølv om det berre er en trening i veka, kan gjere kvardagen for barn og ungdom betre, også i det store bildet.

Me har ikkje treningsgrupper berre for å trena frem gode klatrar som kan prestera. Me har treningsgrupper for å gi fellesskap, leik, sosialisering og for å være ein kjelde til positiv utvikling for barn og unge. Klatring er mange gongar det viktigaste i barn- og ungdomsliv (også for mange vaksne), me tenker på det når me et frukost, når me ser på tv og når me legg oss. Me draumar om store og små prosjekter, den lokale buldresteine eller klatringa i Rocklands i Sør-Afrika, eller kanskje ein OL-medalje!

NKF ynskjer at trenarar i klubb skal strekka seg, innan for koronaregelverkt, for å oppretthalda aktivitet og trening for barn og ungdom. For me veit at klatring er viktig for mange! Me ynskjer at klubbane skal legge til rette for den aktiviteten dei kan, der dei kan.

Under finner du nokre forslag til kva du kan gjera med klatregruppa di, lagt i frå alle desse aktivitetane gjere deg til verdens beste klatrar, men all trening gjere deg til ein litt betre klatrar.

  1. Uteklatring - Buldring, tau eller is. Kjem an på kor i landet du bur!
  2. Leikar som: 1-2-3 Raudlys, limbo, hoppelangtau, Boksen går ol. Ein god del leikar krev at du har fysisk kontakt. Finn fram dei som ikkje krev det!
  3. Jogging /intervalltrening
  4. Tuftepark – finnest over heile landet. Har du ikkje Tuftepark, kanskje det er eit leikestativ på skule? Sjå her for tips til øvingar!  
  5. Skileik – Treng du inspirasjon, sjå her!
  6. Bål og klatrequiz
  7. Orienteringsløp med klatrequiz
  8. Skøytetur/ hockeykamp/ kustløpskonkurranse (kven klare piruett på skøyter?)
  9. Basistrening: armhevingar, sit ups, mountain climbers, pull up, planke. Alle desse finnest i eit hav av variantar av desse øvingane. Google litt om du treng inspirasjon. Eller sjå her eller her!
  10. Snøballkrig, bygga snøhola og snølykter ol.
  11. Parkour – Usikker? Nei da, sjå her!

Pass på meteren, væra heim om du er sjuk, test deg, vask hendene, det gjelde sjølvsagt. Dette kan me no! 

Husk, det kan væra at du som trenar er den viktigaste personen i eit barns- eller ungdomsliv, om du ikkje er vitigast kan eg garantera deg at du er viktig!

 

Foto: Chad Stokes

  • Samarbeidspartnere:
  • La Sportiva
  • Bridgedale
  • Thon Hotels
  • Stiftelsen Vi
  • Rent særforbund