Utlysing til utviklingslandslag i paraklatring for 2021

04. Des 2020

Er du paraklatrar, og har ambisjonar om å vinne VM- og kanskje OL-gull? Då håper me du les vidare! NKF skal i 2021 etablera eit nasjonalt utviklingslandslag i paraklatring som får moglegheita til å presentera NKF på internasjonale konkurransar. I samband med dette ser me etter ambisiøse paraklatrarar som har fokus på langsiktig utvikling og framgang.

Kvalifikasjonskrav:
- Kunne klassifiserast i samsvar med IFSC sitte klassifiseringsreglement. Det finn du her! 
- Konkurranseerfaring frå regional, nasjonale eller internasjonale konkurransar, gjerne i andre idrettar enn klatring også.
- Ha ein konkret plan for å legga ned det treningsarbeidet som krevst for å prestera best mogleg på nasjonale og internasjonale paraklatrekonkurransar.
- Du fyller 16 år i 2021 eller er eldre.
- Norsk statsborger.

Personlege eigenskapar:
- Du ynskjer å delta på internasjonale konkurransar og forstår kva det krevst av treningsinnsats for å vinna.
- Du bidrar til å skapa eit godt miljø, behandlar alle med respekt og likeverd.
- Du tar ansvar for eigne val i trening og konkurranse.
- Du er bevisst på din rolla som forbilde for andre, spesielt yngre utøvarar.


NKF kan tilby:
- Å organisere reise og opphald til konkurransar der utøvaren tas ut av NKF for å delta.
- ​NKF dekker deler av utgiftene for deltakelse på internasjonale konkurranser. Mulighet for å søke om økonomisk støtte for å dra på konkurranser ved behov
- Å legge til rette for at den utøvaren kan gjennomføre tiltak som er viktig for personleg utvikling.


Søknad:
- Skriv litt om deg sjølv, dine treningskvardag, kva grad du klatrar, din motivasjon og dine ambisjonar
- Legg med:
o Resultatliste frå konkurransar du har deltatt på.
o Periodeplan for fyrste halvdel av 2021.

Uttakskriterium:
- Kan klassifiserast som paraklatra i samsvar med IFSC sitt regelverk.
- Resultat frå konkurransar.
- Grad du klatrar.
- Motivasjon og ambisjon.


Uttakskomiteen består av:
Reino Horak, sportsjef og landslagsleder
Kjersti Gausvik, fagkonsulent paraklatring.


Har du spørsmål knytte til utlysing ta kontakt med:
Prosjektleder kompetanseløftet og fagkonsulent paraklatring:
Kjersti Gausvik
E-post: kjersti@klatring.no
Telefonnummer: 97159466
Utøvaravtalen må oppfyllast og signerast før ein får plass på utviklingslandslaget i paraklatring.

 

Søknadsfrist: måndag 4. januar 2021

 

Bilete: David Engeland 

  • Samarbeidspartnere:
  • La Sportiva
  • Bridgedale
  • Thon Hotels
  • Stiftelsen Vi
  • Rent særforbund