Draumejobb? Utlysing av trenar- og ruteskruerstilling i Bergen klatreklubb

20. Apr 2020

Bergen klatreklubb (BKK) skal i løpet av hausten få Skandinavias største klatresenter og klubben har som mål å skape det beste tilbodet for klatring i Bergen for bredde og topp.

Bergen klatreklubb skal ha det beste tilbodet til klatrarar i Bergen både når det gjelder omfang, variasjon og kvalitet i det dei leverar. I denne anledning skal dei tilsette 100 % fast stilling som hovudtrenar og 75-100 % fast stilling som hovudrutesetter. Dette blir eit kjempe løft for klatremiljøet i Bergen.

Hovudansvaret for trenarstillinga vil væra strukturere treningsopplegget med sportsleg innhald på alle treningsgruppene i BKK, bidra til kompetanseheving i trenarteamet og ikkje minst skape eit trygt klatremiljø for barn og unge

Hovudansvaret for ruteskruarstillinga vil være å strukturere ruteskruinga for å sikre høg kvalitet til alle treningsgruppene til BKK og opplæring av andre ruteskruarar.

"For at tilbodet skal bli så bra som ein ynskjer er det viktig med eit tett og godt samarbeid mellom hovudtrenar og -rutesskruer. Detter er ein kjempe moglegheit til deg som ynskjer å jobba med klatring og for klatring", seiar Remi Småland dagleg leiar i Bergen klatreklubb.

NKF ynskjer BKK lykke til med tilsettingsprosessen og gleder oss til å følgje utviklinga i klubben. ‘

Utlysingane finner du her:

Link til stillingsutlysing hovudtrenar

 

Link til stillingsutlysing hovudrutesetter

 

Bilde: Regional ungdomsamling i Bergen klatreklubb 

  • Samarbeidspartnere:
  • Beal
  • Y&Y
  • La Sportiva
  • Bridgedale
  • Eterni
  • Thon Hotels
  • Stiftelsen Vi
  • Rent særforbund
  • Gjensidige forsikring