Klatring / Nyheter / 2025 / Eventyr, meistring og nye vennskap på Camp Saltstraumen 2025
20250912_190251.jpg

Eventyr, meistring og nye vennskap på Camp Saltstraumen 2025

Frå 12. til 14. september blei Camp Saltstraumen arrangert for ungdom mellom 13 og 17 år. Med heile 14 deltakarar og fleire engasjerte instruktørar fekk ungdommane ei helg dei seint vil gløyme – med bratte klipper, kraftig straum og ei god dose meistring. Campen, som blei arrangert av Bodø klatreklubb og Bodø sportsdykkeklubb, hadde som mål å gi ungdom eit møte med naturen – og seg sjølve – gjennom spennande og trygge aktivitetar.

Eit program fullt av høgdepunkt

Allereie fredag ettermiddag starta campen med fridykking i Godøystraumen, der deltakarane fekk oppleve den mektige naturen under vatn. Laurdag var det klatring på Hobbit- og Drageveggen som stod for tur, før grillen blei tent ved Godøystraumen og ungdommane hoppa i våtdraktene igjen for nok ein dykketur.

Sundagen runda det heile av med buldring og uformell konkurranse på Mjelle – spektakulær klatring i strandkanten.

20250914_123255.jpg

– Vart kjent med nye folk

– Det beste var å prøve noko heilt nytt og bli kjent med andre som likar dei same tinga, seier ein av deltakarane, som fekk sin første smak på fridykking denne helga.

Instruktørane var imponerte over kor modige og engasjerte ungdommane var. – Dei tok utfordringane på strak arm og støtta kvarandre gjennom heile helga. Det var verkeleg kjekt å sjå, seier ein av instruktørane frå Bodø Klatreklubb.

20250913_165230.jpg

Trygge rammer og stort fellesskap

Camp Saltstraumen vart gjennomført med klare tryggleiksreglar og god oppfølging frå erfarne instruktørar. Ungdommane fekk lære både teknikk, samarbeid og korleis ein tek vare på seg sjølv og andre i krevjande omgjevnader.

– Me ønskjer å gi ungdom gode opplevingar ute, og dette er ein måte å kombinere aktivitet, læring og fellesskap på, seier arrangørane.

20250913_103200.jpg

Vil ha med fleire neste år

Sjølv om det var plass til 20 deltakarar, blei det i år 14 som meldte seg på innan fristen. Arrangørane håpar endå fleire ungdommar vil gripe sjansen neste gong.

– Vi kjem tilbake neste år med nye utfordringar og nye moglegheiter for ungdom som vil ut av komfortsona og inn i naturen.

20250913_120909.jpg

Camp Saltstraumen er eit samarbeid mellom Norges Dykkeforbund, Padleforbundet og Klatreforbundet. Tiltaket er støtta av Miljødirektoratet.

Logo: Bridgedale Logo: La Sportiva