Heile 70 barn møtte opp, og det blei ein dag fylt med glede, meistring og høg puls. Smil, latter og kribling i kroppen – slik er det når ein får oppleve gleda ved buldring ute i naturen saman med nye og gamle vener.
Foto: Kay Rott
Buldrene i Ålfoten er svært godt eigna for barn. Gode landingar og buldre i ulike vanskegrader og høgder gjer at barna får utfordre seg på sitt eige nivå.
Kva er Buldresprell?
Buldresprell er eit lågterskeltilbod for barn frå ca. 6 til 13 år. Her får barna lære grunnleggande ferdigheiter i buldring og friluftsliv. Gjennom leik, aktivitet og meistring får dei kjenne på både samhald og ekte friluftsglede.
Vi legg opp til enkle, men meiningsfulle leikar som får opp tempoet og gir alle høve til å vere med – uansett funksjonsevne. Arrangementa er opne for alle, og vi oppmodar familiar til å ta kontakt med arrangør om de har spørsmål om tilrettelegging for sitt barn.
Foto: Kay Rott
Målet vårt er klart:
-
Alle barn som er nysgjerrige på buldring skal få prøve!
-
Dei skal kjenne på meistring, glede og fellesskap ute ved buldresteinane.
-
Vi vil inkludere barn som ikkje alt kjenner til klatring frå før.
-
Buldresprell skal bli eit tilbod i alle klatreklubbar i landet som har aktivitet for barn og ungdom og tilgang på buldrestein.
Buldresprell er støtta av Miljødirektoratet, og saman skapar vi gode opplevingar ute – for alle barn.