NKF søker medlemar til styringsgruppe – Kompetanseløftet

06. Sep 2019

NKF har fått ei tildeling på 3,25 millionar av Sparebankstiftelsen DNB til prosjektet «Kompetanseløftet for barn og ungdom». Prosjektet starta i september 2019 og skal vare fram til våren 2021.

Om prosjektet og styringsgruppa: 
Hovudmålet med prosjekter er å auka kompetansen rundt aktivitet og trening for barn og ungdom, både på breidde- og elitenivå. Derfor treng me deg som er engasjert i barne- og ungdomsklatring og har kompetanse innan området med på laget!

Det vil etablerast ei styringsgruppe som består at administrasjonen i NKF og deg. Det er planlagt 4 - 6 møte per kalender år. Ein må rekna med arbeid utover desse samlingane. Styringsgruppa blir leia av prosjektleiar i kompetanseløftet i NKF.

Me tilbyr spennande og gode faglege diskusjonar, og ikkje minst, innflytelse på korleis barn og ungdom skal oppleve trening og klatring i framtida. Dette vil væra inspirerande og lærerikt!

Følgjande skal utviklast i prosjektet:
- Ei utviklingstrapp som er i samsvar med standaren til Olympiatoppen
- Ein øvingsbank for gode og kvalitetssikra øvingar for barn og ungdom
- Etableringa av klatring på Skadefri.no
- Revideringa av trenarutdanninga til NKF

Om deg:
Me ynskjer oss deg som har erfaring, kunnskap og kompetanse i klatretrening for barn og ungdom. Du må gjerne har ei helsefaglegutdanning som til dømes fysioterapi eller liknande med fokus på barn og ungdommar. Du har kjennskap, og interesse for både breidde og toppidrett innan klatring.

Har du ein eller fleire av desse erfaringane og kompetansane håper med du er interessert i å bidra. 

I tillegg er du strukturert, engasjert, samarbeidsvillig og ser det «store biletet». Du må ynskja å bidra inn i eit miljø beståande av tilsette og frivillige.

Me tilbyr:
Arbeidet er hovudsakleg basert på frivillig innsats, men det vil utbetalast eit årleg honorar. Du binder deg for heile perioden september 2019 – august 2021.

Me dekker reiseutgifter i samsvar med reiseregulativet til NKF.

Du får påverka korleis NKF skal løfta kompetansen i klubbane innan barne- og ungdomsklatring!

Korleis søka:
Send ein søknad innan 22. september 2019 til kjersti@klatring.no. Søknaden må innehalde søknadsbrev, CV og to referansar. 

Har du spørsmål ta kontakt med Kjersti Gausvik, kjersti@klatring.no 

Prosjektoppstart er september 2019.

  • Samarbeidspartnere:
  • Petzl
  • Y&Y
  • La Sportiva
  • Bridgedale
  • Eterni
  • Thon Hotels
  • Gjensidige forsikring