Søker prosjektmedarbeidar til paraklatring i NKF

22. Jan 2019

NKF skal i 2019 setta inn eit støyt for å få meir aktivitet innan paraklatring. Derfor trenger me deg, som er engasjert i paraklatring eller har anna relevant erfaring, med på laget.Me søker etter kompetente og engasjerte frivillige som ynskjer å vera med å vidareutvikla NKF sitt tilbod for paraklatrarar. Du vil få moglegheita til å påverka korleis NKF skal jobba for å nå sine mål innan paraklatring.

Me tilbyr spennande og gode faglege diskusjonar og innflytelse. Det vil væra inspirerande og lærerikt!

Mandatet til prosjektgruppa er å levera på følgjande:

- Revidert kursmal til Instruktørkurs i paraklatring.
- Sjå på moglegheitene for å innlemme paraklatring i lokale konkurransar og regionale cupar
- Utarbeide arrangørhandbok til nasjonal konkurranse. 
- Organisere, samen med fagansvarleg i paraklatring, ei nasjonal samling med konkurranse i 2019.
- Sjå på korleis ein legg til rette for at paraklatring kjem inn i ruttesetterutdanninga og rettleiar for anlegg.
- Utarbeide ein rettleiar til klubb som vil starte opp et paraklatretilbod.

Arbeidsgruppa blir satt saman av 6 – 8 personar, per no er det planlagt 2-3 arbeidsmøter i løpet av 2019. Det kan bli arbeid utover desse samlingane. Arbeidsgruppa blir leia av fagkonsulent for paraklatring i NKF.

Arbeidet er hovudsakleg basert på frivillig innsats. Me dekker alle reiseutgifter i samband med prosjektet.

Send ein søknad innan onsdag 05.02.2019. Søknaden må innehalde søknadsbrev og CV

Har du spørsmål ta kontakt med Kjersti Gausvik, kjersti@klatring.no

  • Samarbeidspartnere:
  • Petzl
  • Y&Y
  • Norsk Tipping
  • Thon Hotels
  • Eterni
  • Gjensidige forsikring